Reviderte krav til reingjeringstenester

Reviderte krav til reingjeringstenester
Forslag til reviderte krav til svanemering av reingjeringstenester er no ute på høyring. Høyringsfristen er 2. mai 2016.
Tekst

Dei viktigaste endringane vi foreslår er:

  • Produktgruppa er utvida slik at også vask av vindauge kan inngå
  • Vi har justert avgrensninga for spesialreingjering, slik at bruk av desinfeksjonsmiddel vert regna som spesialreingjering, og dermed ikkje er ein del av svanemerka reingjering
  • Det er no innført egne krav til underleverandørar som ikkje er svanemerka, samt krav om at dei maksimalt kan utgjere 10% av søkarens omsetning av reinhald
  • For reingjorte kvadratmeter er  sjablongverdien justert og det framgår tydeligare at  tilsyn blir regna med
  • Kjemikalieforbruket si øvre grense er skjerpa frå 640 til 300 mikroliter/m2
  • Krav til andelen av miljømerka kjemi er skjerpa frå 50 til 90%. Vær merksam på at i 2017 vil det ikkje lenger være mogleg å svanemerke polish og polishfjernar

 I bakgrunnsdokumentet sitt kap 9 er dei viktigaste endringane frå gjeldande miljøkrav lista opp.

Forslaga til miljøkrav er utarbeida av sekretariata i Nordisk Miljømerking under leiing av Arne Godal. Vi vil gjerne ha kommentarar til dei nye miljøkrava. Kontaktperson i Noreg er Tove Bræin, og vi ber dykk sende kommentarane til oss innan 2. mai 2016 per post eller epost til post[at]svanemerket.no.

Ein oversikt over høringssvara som kjem inn vil være tilgjengeleg hos Miljømerking.

Last ned høyringsdokument

Høyringsbrev

Forslag til kriterier

Proposal for hearing

Bakgrunnsdokument

Background document

Høyringsliste/List of recipients

Regneark

Ta kontakt med det norske sekretariatet dersom de ønskar å få tilsendt papirkopi av dokumenta.

Send inn høyringssvar