Kontroll av svanemerkte produkt byggjer truverde

2_205_0.gif

Nordisk Miljømerking gjennomfører årlege kontrollar hos leverandørar som har lisens til å bruke Svanen.

Av Miljømerking 11.04.2007

Miljømerking i Noreg gjennomførte i 2006 etterkontroll mellom anna av daglegvarebutikkar, hotell, tekstilvaskemiddel, batteri, kopi- og trykkpapir og mjukpapir. Noen kontrollbesøk var rutinebesøk, mens andre besøk skjedde grunna mistanke om at krava ikkje vert etterlevd i den daglege drifta.

- Når Miljømerking finn at miljøkrava som Svanen stiller ikkje blir oppfylt hos ein leverandør, får leverandøren frist på seg til å rette opp forholda. Dette er heilt nødvendig dersom folk skal behalde tiltrua til Svanen og dersom Svanen skal sørgje for faktiske miljøresultat, seier direktør Alvhild Hedstein i Miljømerking.

I 2006 blei ein særskild kontroll av tekstilvaskemiddel gjennomført hos Miljømerking i Noreg. Resultata ifrå denne undersøkjinga er framleis ikkje klare.

For batteri blei det gjennomført ein kontroll av produktnamn og bruk av svanemerket på emballasjen i ulike daglegvarebutikkar, leketøyforretningar, kioskar og spesialbutikkar. Kontrollen avslørte berre eitt batteri der svanemerket blei brukt utan at produktnamnet inngjekk i registreringa.

Kopi- og trykkpapir og mjukpapir blei kontrollert gjennom rapportar som syner oppdaterte tal for utslepp til vatn og luft, energiforbruk og bruk av sertifisert trevirke.

Alle svanemerka hotell blei kontrollerte gjennom ei rapportering av vatnforbruk, energiforbruk, mengde avfall eller kjemikalieforbruk. Kontrollen synte inga avvik ifrå krava.

Krava til svanemerka produkt og tjenester blir stramma inn om lag kvart tredje år for å sikre ei fortløpande miljøforbetring. For produktområde der lisensen utgår i 2006-2007 blir det gjennomført behandling av ny søknad. Etterkontroll er derfor ikkje nødvendig for desse produkta.

Dei nordiske landa utvekslar resultat ifrå kontrollane hos leverandørane.

[tekst: JORUNN GRAN]

Del |
3_2701_0.gif
Miljøkrava til svanemerkte produkt blir strengare kvart tredje til femte år. Men òg i tida mellom revisjonane gjennomfører Miljømerking kontroll av produkt og tenester merkte med Svanen.