Strengare miljøkrav for mange produkt i 2007

Det siste året har Nordisk Miljømerking stramma inn miljøkrava til 11 produktgrupper. Målet er enda større miljøeffekt.
Med jamne mellomrom strammar Nordisk Miljømerking inn krava for svanemerka produkt og tenester. Dette gjerast for å gi endå større miljøeffekt av svanemerkinga, og det siste året er 11 ulike miljøkravdokument blitt stramma inn. Samstundes er krava til mange svanemerka produkt og tenester blitt evaluerte - og fleire nye produktgrupper er innarbeida i merkeordninga.
Strengare krav og heilt nye krav
Blant dei miljøkrava som er blitt strengare i 2007, er krava til svanemerka bilpleiemiddel og vaskehallar, til hotell, fotoframkalling, oppvaskmaskiner, maskinoppvaskmiddel, sentralfyr for biobrensel, pellets, reingjøringsmiddel, pc-ar og ulike kontormaskiner.
Heilt nye produkt som Nordisk Miljømerking har vedteke eller vil vedta krav for innan utgongen av 2007, er leiker, restaurantar, medisinsk eingongsutstyr og levande lys.
Døme på endringar
Når den offisielle nordiske miljømerkeordninga Svana endrar krava til svanemerkte produkt og tenester, skjer dette i samarbeid med mange aktørar. Endringane foregår på ulike område:
- For pellets er mellom anna krava om sertifisert råvare og CO2-utslipp i produksjonen stramma inn
- For reingjøringsmiddel er nye stoff forbode, grensene for andre stoff er stramma inn og krava til allergiframkallande stoff er strengare
- Miljømerka hotell må etter dei nye krava mellom anna forhalde seg til obligatoriske grenseverdiar for energi, og ein viss andel av kjemikaliane på hotellet må være miljømerka
Vidt samarbeid
Når heilt nye miljøkrav blir utarbeida hos Nordisk Miljømerking, er det spesielt viktig at bransjen deltek i arbeidet med å utforme krava. Denne typen samarbeid har i 2007 mellom anna resultert i særs omfattande krav for svanemerka leiker.
Vil du følge med på Miljømerking sine nye krav?
Miljømerking fortel fortløpande om endringar i krava til svanemerka produkt og tenester. Når strengare krav vert vedteke, må dei produkta og tenestene som allereie er miljømerka, innan ei gitt tid søkje om merking på nytt.
Følg med på dei nye krava!
Mindre kjemikaliar, mindre energiforbruk og betre dokumentasjon på råvarer er døme på endringar i Svana sine krav.
Følg med på Svana sine krav!
