Kva er eit miljøvennleg hotell?

Miljøkrav til hotell og restaurantar
Dei nye krava til svanemerka hotell, restaurantar og konferanseanlegg er nå ute på høyring. Kva meiner bransjen om dei?
Tekst

Svanemerket, det offisielle miljømerket i Norden, strammar alle miljøkrav inn med jamne mellomrom. Det er for å bidra til at produksjonen av varer og tenester steg for steg blir mindre miljøbelastande.

Tretten år etter at dei første krava til svanemerka hotell kom, er det no på tide å stramme krava inn for tredje gong. Alle som har hatt merket frå før, må søke på nytt når dei nye krava er vedtatt. Dette skal etter planen skje i oktober. Men først er det altså høringsrunde der Svanemerket ber om innspel frå bransjen. Tirsdag arrangerte Svanemerket seminar om dei foreslåtte krava. Representantar frå blant anna Scandic, Radisson Blu, ISS facility services og Eurest var til stades.

Betre oversikt gir mindre forbruk, lågare kostnader og større miljønytte

– Svanemerket er for dei beste. Svana sine miljøkrav dekker alle relevante miljøproblem gjennom heile livssyklusen til eit produkt. Det hadde naturlegvis vært enklare å stille færre krav, aldri stramme dei inn og kanskje berre vurdere nokre få faktorar – men miljøeffekten ville blitt mindre, sa Alvhild Hedstein, direktør i Miljømerking, på seminaret.

Dei 80 nye miljøkrava gjeld både for hotell og restaurantar. Dei gjeld energiforbruk, bruk av kjemikaliar til oppvask og anna reinhald, CO2-utslipp, vassforbruk, handtering av avfall, møblar og inventar og næringsmiddel. Energibruk er rota til mange av miljøproblema. Her legg dei foreslåtte krava opp til ein del endringar, og måten å regne ut energiforbruket på fekk mykje merksemd på seminaret. Johan Husberg frå Svanemerket sa at mange sparar inn heile 15 prosent berre ved å installere ein målar. Ved å måle blir ein klar over kvar  energiforbruket er høgast, og kvar potensialet for å redusere er størst.

Grønt, friskt og økologisk

Svanemerket skal gi en grøn livsstil også på tallerkenen i restauranten. Dei nye krava seier at fem hovedingrediensar – typisk poteter, grønnsaker, meieriprodukt og egg – skal være økologisk produsert. Restaurantar som reduserer kjøttforbruket ved å ha «kjøttfri mandag» eller vegetarisk profil på anna måte, blir premiert i dei nye krava. Svanemerka restaurantar kan ikkje servere hai, blåfinna tunfisk, uer eller usertifisert scampi. Dette for å hindre utarming av allereie sårbare fiskebestandar og økosystem.

Men kva med sjampoflaskene?

Eingongsartiklar er problematisk sett frå miljøet si side. Bruk og kast er jo ikkje miljøvennleg. Dei nye krava seier at berre 25 prosent av hotellromma kan tilby eingongsartiklar som små såper og dusjhetter, men dette trudde ein del av seminardeltakarane vil bli eit vanskeleg punkt. Nokon hotellkjeder har med eingongsartiklar i sin service-definisjon. Denne er ofte satt av kjedens internasjonale administrasjon, og kan bli vanskelig å endre. Hotellkjedane har ulik oppfatning av dette punktet, noko høyringssvara nok vil bere preg av.

Si meninga di!

Dei nye krava til hotell, restaurant og konferanseanlegg skal gi mest mulig miljønytte samtidig som dei fungerer i en travel kvardag for dei ansatte. De nye krava skal være strengare, men må samtidig være oppnåelege. Det er veldig viktig at bransjen sier kva dei meiner om dei foreslåtte krava, slik at vi får det best moglege resultatet.
For hotella. For miljøet. For framtida.

Høyringsfristen er 28. mars.

Kommenter saken
kommentarer