Nykomar innan haldbart trevirke

Nykomar innan haldbart trevirke
Accoya er det nyaste tilskotet av miljøvenleg haldbart trevirke. Eddiksyre-anhydrid og høg temperatur gjer furu motstandsdyktig mot vêr og vind. Den nybygde skulen på Bjørnesletta i Oslo har klednad av svanemerka accoya.
Tekst

Accoya er ein type furu som blir dyrka i store plantasjar på New Zealand. Treet veks svært fort, og egnar seg til bearbeiding for auka haldbarheit. Dette skjer ved at treet blir tilsett eddiksyre under høg temperatur. Denne prosessen endrar cellestrukturane i treet slik at det tek til seg mykje mindre vatn enn ubehandla tre. Dermed blir det motstandsdyktig mot råte. Accoya er også svært formstabilt, og verken krympar eller sveller. Derfor er det godt å bruke som klednad på bygg.

Giftfritt – for helse og miljø

Dei tretekniske eigenskapane til accoya er svært gode. Produsenten seier til dømes at forventa levetid på trevirket er meir enn 60 år sjølv om det ikkje blir overflatebehandla. Miljømessig sett er accoyaen bra også fordi den ikkje inneheld noen miljøgifter eller kjemikaliar som kan skade helse og miljø. Dette har produsenten dokumentert, og Svanemerket kontrollert.

Det er av stor verdi – både for deg og for naturen – at materiala i bygga våre er heilt utan skadelege stoff. Billig, trykkimpregnert trevirke kan innehalde så mykje gift at det må behandlast som spesialavfall i delar av Norden. Det slepp du heilt å uroe deg for med den svanemerka accoyaen.

Skogsplantasjen som treet kjem frå, blir også drive på ein god måte. Den er sertifisert av Forest Stewardship Council (FSC), som er den største skogsertifiseringa vi har. Svanemerket undersøker alltid sertifiseringane til trevirket som blir bruka i svanemerka produkt. Vi sjekkar kor treet kjem i frå, og stiller strenge krav til korleis trevirket blir tatt ut av skogen og korleis det blir behandla. Skogen skal drivast berekraftig. Då øydelegg ikkje skogdrifta skogen som øko-system. Vi krev også at skogeigaren ikkje skal ta ut meir virke enn det blir planta. Det er ein føresetnad for at vi skal kunne høste frå skogen i evig tid.

Kommenter saken
kommentarer