Grip kvardagen

Grip kvardagen
Du treng ikkje bli aktivist for å gjere noko bra for miljøet i 2014. Ta grep om kvardagen din.
Tekst

Den amerikanske forfattaren Bill Bryson beskriv i boka «At Home» korleis han står på takterrassen i sitt gamle hus på den engelske landsbygda og ser utover det grøne og bølgjande landskapet omkring seg. Plutseleg slår det han:

(…) in two thousand years of human activity the only thing that had stirred the notice of the outside world even briefly was the finding of a Roman phallic pendant. The rest was just centuries and centuries of people quietly going about their daily business – eating, sleeping, having sex, endeavouring to be amused – and it occurred to me (…) that that’s really what history mostly is: masses of people doing ordinary things. (Bill Bryson: At Home (2010), s. 20)

Langt mellom heltane

Det er lett å gløyme kvardagen. Vi feirar heltar, bragder og jubileum, men gir kvardagen lite merksemd. Kvardagane er liksom mellomrommet mellom dei viktige dagane, noko vi må gjennom før neste høgtid, neste ferie, neste milepæl… Men det er kvardagane det er flest av i livet, og kvardagsmenneska historia består av, slik Bryson minner oss på.

Dei færraste av oss blir ein Grieg eller ein Nansen. Vi gjer ikkje heroiske ting eller store oppdagingar. Vi briljerer ikkje i slik grad at det vert skrive bøker om oss. Vi lev liva våre, og det gjer vi på omtrent same måte. Vi må ete, og kle kulda ute. Vi må bu, og ha møblar og innbu. Vi må jobbe, og kome oss til og frå. Vi tek vare på dei vi er glade i og alt vi bryr oss om.

Sjølv om vi nok utfører dette litt ulikt, etter inntekt og bustad og slikt, er det disse elementa kvardagen kretsar rundt.

Sjølv små ting blir store når dei blir mange nok

Vi har ulike roller i kvardagen vår. Du er kanskje mor eller far, dotter eller son, ven eller kollega. Men nesten heile tida er du også forbrukar. Og akkurat som med historia, der vi hugsar krigar, oppdagingar og kongerekker – men gløymer kvardagsfolket – er det også med forbruket for mange.

Vi tenker at dei viktige forbruksvala er å kjøpe nytt hus, bil eller hytte. Men dei store voluma gøymer seg i kvardagen. I alt det du berre gjer, men ikkje tenker på. I haugen med papir du brukar gjennom eit heilt liv, til dømes. Til å skrive på, printe ut, tørke med, lese på. Kor stor er den haugen, trur du? Kor kom alt papiret frå?
Eller tanken som rommar all såpe og vaskemiddel du har bruka til deg sjølv, huset ditt og kleda dine. Kor stor er ikkje den? Kva inneheld det, alt saman?  

Tenk deg så at alle du kjenner, har bruka om lag dei same mengdene som du… Og at alle i landet har det. Alle i Norden. Europa… Det som kan virke som små val for deg, har stor betyding, fordi det er så mange andre som gjer akkurat som du. Andre kvardagsmenneske. År ut og år inn.

Ditt eige grøne skift

Vi har mange og store miljøproblem. Klima, miljøgifter, rovdrift på jordas ressursar… Lista er lang og skjebnetung. Kvar enkelt av oss klarer ikkje å løyse dei alle. Men vi kan stå for vårt eige grøne skift i kvardagen.

Tenk litt over forbruksmønsteret ditt. Kanskje ser du sjølv noko du kan gjere meir eller mindre av for å gagne miljøet. Sette ned temperaturen på klesvasken, kjøpe varige ting av god kvalitet, unngå bruk og kast… Kan hende potensialet er større enn du trur. 

La Svanemerket vise deg dei gode vala. Det er jobben vår, som offisielt miljømerke, å hjelpe deg med det. Vi merkar dei produkta som er gode miljøval både for klimaet, for reduksjon av miljøgifter og for bærekraftig produksjon.

Nokre av dei store og systematiske grepa for miljøet må politikarane våre ta. Andre ting ligg i hendene på dei som produserer varene vi kjøper. Men vi kvardagsmenneske kan stille dei til ansvar, spørre, meine og ytre oss slik at dei kjenner presset. Ser du nokre måtar du kan gjere dette på?

Sjå det store i det vesle du gjer

Bill Bryson skua ut over eit landskap der folk hadde budd i to tusen år og tenkte på kva spor dei hadde sett etter seg. Kva vil folk tenke om oss om eit hundreår eller to? Det kan kvardagsfolk som du og eg vere med på å bestemme.

Sjå det store i det vesle du gjer. Ta grep om kvardagen din.

Kommenter saken
kommentarer