Blekkulf og Svanhild stor suksess

Stor suksess
Opptil 118 000 barn mellom to og elleve år har sett Blekkulf og hans nye venninne Svanhild på NRK Super.
Tekst FotoNordisk Film TV/co-prod Filmkameratene

I gjennomsnitt har 101 000 barn mellom to og elleve sett Blekkulf-episodane, som går på NRK Super på fredag ettermiddag. Det er berre hårfint under «Alle vi barna i bakkebygrenda», som hadde 2000 fleire sjåarar i snitt. Serien appellerer mest til barn som er mellom to og seks år. Jenter og gutar likar Blekkulf og venene hans like godt.

­Alvhild Hedstein, direktør i Miljømerking, har kvalitetssikra det miljøfaglege innhaldet i serien. – Eg har stor tru på å lære barna om miljø ved hjelp av slike fargerike og positive forteljingar som vi ser i Blekkulf-serien. Eg er overtydd om at dette gir eit godt grunnlag for å ta miljøansvar hos både barn og vaksne, blant anna ved hjelp av Svanemerket, avsluttar ho.

Mange barn blir denne hausten ekstra godt kjent med Svanhild, ein av Blekkulfs vener og Svanemerket sin barnefigur. «Svanhilds reise» er både ein lydbok-app og eit undervisingsopplegg for barnehagane der barna lærer om miljø ved å lytte, leike og løyse oppgåver. 

Kommenter saken
kommentarer