Svana inn for landing på matemballasje

Svanemerka matemballasje
Nye miljøkrav gjer det mogleg å svanemerke eingongsprodukt som koppar, tallerkar og emballasje til mat og drikke for innpakking på utsalstader.
Tekst

I Noreg finst det nesten 5000 produkt med ei svane på. No er det også mogleg å sette det offisielle miljømerket på eingongsprodukt som koppar, glas, tallerkar, bestikk, fryseposar, plastfolie og anna emballasje for innpakking av mat og drikke. Emballasje for ferdigpakka matvarer er ikkje inkludert i de nye miljøkrava.

Gode miljøval

Eingongsartiklar og emballasje som blir bruka til å pakke inn mat og drikke på utsalsstad havnar rett i søpla etter ein gongs bruk og har derfor ei vesentleg miljøbelasting vurdert ut frå det korte livsløpet. Ute i marknaden myldrar det av ulike miljøpåstandar, så det er ikkje lett å finne fram til dei gode miljøvala for ein innkjøpar. Med dei nye miljøkrava ønskar Miljømerking å gjera det enklare og finne fram til produkt som er gode miljøval og trygge for helsa.

- Med svanemerka eingongsartiklar kan serveringsstader tilby trygg matemballasje samtidig som dei får vist at dei tar miljøansvar. Vi veit at 9 av 10 forbrukarar kjenner Svanemerket, og 8 av 10 har tillit til at eit svanemerka produkt er et godt miljøval, seier Alvhild Hedstein, direktør i Miljømerking

Fornybart, nedbrytbart og bærekraftig

En svanemerket eingongsartikkel skal være eit godt miljøval «frå jord, til bord, til jord». For å bli svanemerka må produktet ha ein høg andel fornybare råvarer og det skal være sporbart kvar disse kjem frå. Råvarene skal blir forvalta bærekraftig og ikkje øydelegge det biologiske mangfaldet. Er emballasjen i tre eller finér skal det være ein høg andel sertifiserte råvarer. Brukar ein palmeolje må denne være 100 prosent sertifisert. Eingongsartiklar må være kompostérbare med mindre dei kan inngå i eit resirkuleringssystem.

Bra for miljøet ­– og for helsa

At vi kan få i oss farlige stoff gjennom maten vår er ein kjenning i media og noko mange er opptatt av. Når det danske fødevareinstituttet tidligare i år fant polyfluorerte stoff (fluorkarbon) i 35 av 84 testa emballasjer blei det en nyhetssak også i Noreg. Fluorkarbon er ei stoffgruppe som brytast svært sakte ned i naturen og derfor kan hope seg opp hos både mennesker og dyr. Stoffa kan gi fosterskader og er sannsynlegvis kreftframkallande.

Svanemerka produkt kan ikkje inneholde polyfluorerte stoff, Bisphenol A, ftalatar og ei rekke andre stoff det til no har vore mindre merksemd rundt. Ved å bruke svanemerka eingongsartiklar treng verken handelen eller forbrukarane være redde for kva dei inneheld.

Kommenter saken
kommentarer