Svanemerket 25 år

Svanemerket 25 år
Svanemerket - Nordens offisielle miljømerke - er 25 år. Aldri har bredda i miljømerka produkt vore større.
Tekst FotoJohannes Magnus, Nordisk Ministerråd

Svanemerket blei oppretta av Nordisk Ministerråd i 1989 for å gjere det enklare for forbrukarar og innkjøparar å finne dei beste miljøvalga i produktvrimmelen. Frå starten i 1989 har Svanen utvida seg til å dekke 250 produkttyper i 60 bransjar. Det fins 8000 svanemerka produkt i Norden, 6500 av dei på den norske marknaden. Heile 91 av den nordiske befolkninga kjenner til Svanemerket. Det gjer Svanen til eit av verdas mest vellykka miljømerker.

Ein nordisk miljøsuksess

Dei nordiske miljøministrane markerte nyleg Svanemerkets 25-årsjubileum i Stockholm. Vår klima- og miljøminister Tine Sundtoft framheva då Svanemerket som forbrukarpolitisk verkemiddel:

- Svanemerket er eit praktisk uttrykk for forbrukarmakt. Merket kan påverke næringslivet til å omstille seg og produsere varer og tenestar som gjer mindre miljøpåkjenning. Svanemerket kviler på den enkeltes miljøengasjement, og det er i trua på enkeltindividet som merket har si grunngjeving, sa Tine Sundtoft.

Best på miljø frå A til Å

Svanemerket gjer det enkelt å velje miljøvennleg, reduserer miljøskader og stimulerer til grøn innovasjon. Svanen er et heilskapleg miljømerke som ser på hele produktet sin livssyklus frå råvare, via produksjon og bruk og til slutt som avfall. Svanemerket jobbar for å bevare det biologiske mangfaldet, for bærekraftig ressursbruk, en kvardag utan miljøgifter og for framtidas klima.

Kommenter saken
kommentarer