Talgø veggplater er svanemerka

Talgø veggplater er svanemerka
Talgø har jobba hardt for å få på plass svanemerking av veggplater, og no er heile Talgøs kolleksjon av MDF veggplater svanemerka. Veggplatene marknadsførast under namnet ECO veggplater fra Talgø, i familien Talgø Green Living.
Tekst

Svanemerket har verdas strengaste miljøkrav til bygningsplater. Dei svanemerka platene som no er godkjende, klarer alle krava til mellom anna treråvare, produksjonen og ikkje minst overflatebehandlinga.

T-komponent, Talgøs produksjonsanlegg, har fått Svanemerket på heile kolleksjonen av vanlege MDF-plater. Det vil seie at kunden kan velge mellom 9 ulike farger og 5 ulike profilar. Dermed har dei Norges bredeste utvalg i svanemerka veggplater. Framleis med møbelfinish på overflatene og samme kvalitet som før.

Georg Aune hos T-Komponent seier det knytter seg store forventningar til nyvinninga:

- Kundene våre har lenge etterspurt dette miljø- og kvalitetsstempelet. No venter vi ein oppsving både hos eksisterande kunder og hos nye kunder som har signalisert vilje til å bytte leverandør dersom dette kommer på plass. Ikkje minst i prosjektmarkednaden, ved offentlige bygg osv. er dette høgaktuelt, da fleire og fleire har fokus på miljø og tryggleik i sine valg. Vi tilbyr veggplatene til våre kunder til same pris som før – altså ein viktig merverdi i produktet uten tillegg i pris.

Direktør Anita Winsnes i Svanmerket er svært nøgd med å kunne føye til Talgø på lista over bedrifter som har sett verdien i miljømerking:

- Det er svært gledelig at ein så viktig aktør som Talgø nå svanemerker ein viktig del av sitt sortiment. Marknaden treng eit større utvalg av malte MDF-plater med Svanemerket både til nybygg og rehabilitering, til forbrukarar og i den profesjonelle marknaden, seier Winsnes.

Kommenter saken
kommentarer