Tysk gigant på svanesporet

Tysk gigant på svanesporet
Verdas tredje største produsent av bygningsplater produserar no svanemerka MDF-plater til den norske marknaden.
Tekst

Pfleiderer har 3100 ansette som produserar bygningsplater i åtte fabrikkar i Tyskland og Polen. Den eine leverar no svanemerka MDF plater til norske leverandørar av møblar, hotell, dagligvarebutikkar og til bustadprodusentar.

Fabrikken er stor etter norske forhold. Fabrikken har sitt eige varmekraftverk som blir drive av pussestøvet som oppstår under produksjonen. Mengda materialar er så stor at dei har mange eigne trailerar som kjøyrer flis og plater dit dei skal internt på området. Fabrikken er moderne og reinsar røykgassen biologisk. No er altså miljøomsyn tatt i heile verdikjeda og platene forsynt med Svanemerket. Pfleiderer sel bygningsplater i over 80 land. 

­– Å bruke sertifiseringa vår til å få kontroll over verdikjeda er både effektiviserande og lønsomt, og det er gevinstar alle næringslivsaktørar ønskar seg. Det er lovande at ein stor, europeisk aktør ser verdien av det offisielle nordiske miljømerket Svanen, seier direktør i Miljømerking, Alvhild Hedstein.

Produksjon av bygningsplater krev mykje treråvare, mykje energi og ein god del kjemikaliar. Svanas krav omfattar bærekraftig avvirking av skog, strenge krav til energibruk og til fornybare energikjelder. I tillegg regulerar Svanemerket kva slag kjemikaliar som kan brukast.