Tysk konvolutt-gigant går for Svanen

Tysk konvolutt-gigant går for Svanen
Den største produsenten av konvoluttar i Europa, Mayer-Kuvert-network, skal no lage svanemerka konvoluttar. Mayer lagar 20 milliardar konvoluttar i året.
Tekst

Mayer-Kuvert-network er eit døme på at det nordiske miljømerket Svanemerket også blir bruka i internasjonal samanheng. Dei har 40 produksjonsstader i 23 land og lagar heile 20 milliardar konvoluttar årleg. Det er fem tyske produksjonsstader som no har blitt svanemerka.

Den tyske produsenten tek miljøansvaret svært alvorleg. Dei brukar papir som er kontrollert av Svanemerket, og jobbar for å redusera papirsvinn. Konvoluttane kan bli resirkulert. På taket til den enorme fabrikken er det solcelle-panel som forsyner deler av verksemda med straum. Dei samlar også regnvatn som blir bruka til å blande ut trykkfargen til konvoluttane. Alt dette for å redusere og effektivisere ressursbruken.

For å klare å få Svanemerket har Mayer-Kuvert-network også stilt ambisiøse miljøkrav til sine eigne leverandørar. Alle råvarene – papir, kjemikaliar i trykkfarge, lim eller anna – er så miljøvenlege som råd.

I Noreg er det tradisjonsrike Lyche Konvolutt som forhandlar konvoluttar frå Mayer-Kuvert-network.

Mayer-Kuvert-network sitt hovudkontor i Heilbronn, Tyskland.