100 nye svanemerka hotell i Norden
Meir enn 300 hotell frå sør til nord i heile Norden er klare til å ta deg i mot i påskeferia. I fjor var talet 200. Sjå vårt nye og forbetra hotellsøk før du legg ut på tur.
Berre på eit år har talet svanemerka hotell i Noreg auka frå 26 til 47, og fleire er på veg.
Ferie i byen
Så langt er ingen reine høgfjellshotell svanemerka, men for deg som vel ferie i byen, er det mange å velje mellom.
Tek du inn på svanemerka hotell, minskar du miljøbelastninga. Ved å velje desse hotella, kan du spare miljøet og kople av.
Også i våre naboland finst mange svanemerka hotell. I Sverige finst heile 228 hotell. I Danmark kan du velje mellom 27 hotell.
Kven seier at du må reise med bil når du skal på hotellferie? Bruk tog eller buss i staden, kanskje saman med hotellet si eige transportteneste.
Ta i bruk vårt nye og forbetra søk etter svanemerka hotel. No kan du mykje enklare finne fram til svanemerka hotell på staden du skal til.
No som Svanen er så utbreidd, er det ikkje noka sak å ta omsyn til miljøet.
