Bedrifter med miljømerka produkt best på etikk

5_205_0.gif
Ny rapport frå Forum for utvikling og miljø: "En vurdering av miljø og arbeidsforhold ved produksjon og bruk og sammenligning av leverandører."

Ikea får stryk, medan Hennes & Mauritz får skryt i ein ny rapport frå Forum for utvikling og miljø (ForUM). − Selskapa på toppen av lista tilbyr miljømerka tekstil. Det gjer ikkje til dømes Ikea. Offisielle ordningar som miljømerking gjer det enklare å lukkes med etikkarbeidet, seier direktør Alvhild Hedstein i Miljømerking.

Av Miljømerking 26.01.2009

Maiken Pollestad fra Oikos og Per-Erik Shulze frå Naturvernforbundet har saman gått tekstilbransjen etter i sømmene og undersøkt kor miljøvennlige kleda våre er. 17 merker og 18 forretningskjeder er kartlagde i forhold til miljø, arbeidsmiljø, dyrevern og miljømerking.

Ifølge ForUM syner rapporten at vår auka interesse for miljø og sosiale tilhøve.. "omsider har nådd mote- og tekstilindustrien, men at det er et godt stykke igjen før bransjen kan bli "ren"."

Saman med Lindex og Gudbrandsdalens Uldvarefabrik kjem H&M best ut i undersøkinga med karakteren "bra". Desse tre tilbyr miljømerka varer. Ikea kjem på botnplass blant seks av 18 forhandlarar som har svart på spørjeundersøkinga.

Hennes­ & Mauritz er flinkast til å stille krav til dyrevern, og får skryt for å ha satt seg et mål om å auke delen økologisk bomull i produksjonen. Kledeskjeden forkasta nesten 400 leverandørar på grunn av dårlege arbeidsforhold i 2007.

− Vi er nøgde med at selskapa som kjem best ut på etikk, også fører miljømerka tøy. Dette gjeld både Hennes- & Mauritz, Lindex og Gudbrandsdalens Uldvarefabrik som har tøy som er merka med Blomsten. Samanhengen mellom etikk og miljø er heilt klar. Miljømerka varer gjer positive følgjer både lokalt og globalt. Difor er miljømerking både etikk- og miljøarbeid i praksis, seier Alvhild Hedstein


Del |