Danske myndigheiter åtvarar mot parabenar

Parabenar er forbode i svanemerka kosmetikk, men vert brukte som konserveringsmidel i mange av kremane og solkremane på den norske marknaden.

Av Miljømerking 02.11.2009

Ifølgje Grønn Hverdag, meiner danske myndigheiter at parabenar er ei større risiko for barn enn ein hittil har trudd.

Slutninga om parabenar kjem i ei rapport frå den danske Miljøstyrelsen som no er frigjeve. Dei har kartlagd kor mykje to år gamle barn vert utsette for kjemiske stoffar i kvardagen.

"Dei bidrag 2-åringar mottek frå i sær propylparaben og butylparaben kan utgjere ei fare for østrogene uroingar av hormonsystemet", heiter det i rapporten. Propyl- og butylparaben er blant dei parabenane som har sterkast hormonuroande verknad.

Krava som eit svanemerka kosmetisk produkt må oppfylle, gjeld både helse og miljø. Kjemikaliar vi omgjer oss med i kvardagen, blir funne att i blodet vårt. Derfor er Svanen spesielt merksam på stoffar som framkallar allergi eller uroar hormonsystemet.

Del |