"Grønn, grønnere, svanemerket" - eit seminar om drivstoff

bensinpumpe1.jpg

Svanemerket ønskar å bidra til grøn innovasjon på drivstoffmarknaden, og arrangerer derfor seminar om miljøtilpassa drivstoff i Oslo 24. mai.

Av Miljømerking 19.05.2011

Transportsektoren i sterk vekst, både i Europa og ellers i verda. Fram mot 2030 forventar vi framleis vekst - og dette vil gi auka etterspurnad etter drivstoff. Transportsektoren i EU står i dag for omtrent en tredel av det samla energiforbruket i Europa. Det aller meste av drivstoff vi brukar er basert på fossile energikjelder - for det meste råolje. Vi veit at forbrenning av fossilt drivstoff er ein av hovedårsakane til global oppvarming, og derfor er det viktig for Svanemerket å bidra til utvikling av drivstoff som ikkje har den same skadelige verknaden på natur og miljø.

I oktober kjem det nye krav til svanemerka drivstoff. De reviderte krava inneber mellom anna skjerpa krav til energiforbruk. Krava er harmonisert med EU sitt Fornybardirektiv, for eksempel når det gjeld sporbarhet, berekraft og klimagassutslepp. Svanemerket ønskar i tillegg å forby bruk av ukonvensjonelle fossile råvarer og av genmodifiserte planter.

På seminaret vil representantar både frå Lyse Neo og Borregaard fortelle om sine erfaringar med å lage alternativt drivstoff av respektive husdyrgjødsel og restprodukt av trevirke.

Seminaret er gratis, og åpent for produktutviklarar, leiing, marknad- og kommunikasjonsansvarlige og sjølvsagt for miljøansvarlege. Fristen for påmelding er 13. mai.

Del |