Pris til svanemerka parkettlim
EcoSimp er det fyrste miljøtilpassa parkettlimet på den norske marknaden. No har det svanemerka limet vunne ei italiensk prestisjeutmerking for nyskaping.
Utmerkinga den italienske tilverkaren av EcoSimp no vil verte tildelt, heiter "Innovation friend of the environment - 2009". Den italienske miljørøyrsla Lebambiente står bak prisen. Meir enn hundre verksemder vart vurdert for utmerkinga.
Etter at Ecosimp har motteke utmerkinga i neste veke, har dei rett til å bruke ordlyden "Innovation environmentally friendly" og tilhørande varemerke i marknadsføringa si i eitt år framover.
Då EcoSimp fekk Svanen tidlegare i år, sa Erik Juul i Gulvkompagniet at EcoSimp er eit mykje betre lim for helsa til dei som legg golv.
− Dei som legg golv har måtte brukt lim med mykje avgassar, spesielt metanol. Denne giftige gassen legg seg langs golvet nett der dei som legg golv oppheld seg. Med det nye limet, er dette problemet løyst, seier Erik Juul i Gulvkompagniet.
Limet inneheld ikkje isocyanater, organiske tinn-bindingar, metanol eller andre skadelege flyktige bindingar. Det inneheld heller ikkje helse- eller miljøskadelige ftalater eller halogenerte organiske bindingar.
