Ei handlevogn med Svanen
Fylgj Miljømerking i butikken og sjå sjølv kor breitt utvalet av svanemerka varer er.
Klimaløftet har teke direktør Alvhild Hedstein med i butikken og latt ho syne fram kor enkelt det er å fylle handlevogna med svanemerka varer.
Av Miljømerking 02.03.2010
Klimaløftet er Regjeringa si satsing på informasjon om klima til folket. Det kom i stand etter innspel frå Noregs naturvernforbund og Miljømerking. Miljømerking si direktør er med i Klimaløftet si referansegruppe.
I samband med Svanen si 20-årsdag har Klimaløftet vore i butikken og leita etter svanemerka varer. Det var lett å finne det dei såg etter.
No som Svanen er så utbreidd, er det ikkje noka sak å ta omsyn til miljøet.

