EU med tilskot til miljønyskaparar

6_205_0.jpg

Gjennom CIP-programmet Eco Innovation lyser EU ut nye midlar til miljønyskaping i verksemder.

Av Miljømerking 05.03.2009

Utlysninga ventas kring 20. april.

- Mange innehavarar av Svanemerket har teke lange miljøsteg. For nokre av dei kan EUs tilbod om finansiering av prosjekter vere verd å sjå nærare på, seier direktør Alvhild Hedstein i Miljømerking.

Norske verksemder kan søke om delfinansiering til treårige prosjekt innan miljønyskaping. 30 millionar euro ligg i potten for 2009 (omlag 260 millionar kroner), og Kommisjonen vil finansiere omlag 40 prosjekter.

Tevlinga om midla er hard, og Innovasjon Noreg tilrår interesserte å vere tidleg ute med førebuingar og samarbeid.


Del |