Får svanemerka show i posten

Alf Ring frå Arendal tok del i Svanens klimatevling og vann både overnatting og show på Scandic Edderkoppen. Men det hastar å ta ut premien, for sambuaren er høggravid.
Alf Ring Kleiven (33) frå Arendal seier til Miljømerking at det passa utmerka å vinne tur og show no rett før jul.
− I januar ventar vi vårt fyrste barn, så då får vi truleg ikkje høve til å dra på show i Oslo. Vi satsar difor på å få brukt premien så snart som mogeleg, seier han.
Kleiven har tidligare arbeidt i Noregs Naturvernforbund, og seier at han ser fram til å få lære meir om svanemerka produkt for barn.
− Eg veit lite om dette i dag og har ikkje tenkt meir på det enn at eg skal sjå etter svanemerka bleier. Eg freistar elles å sjå etter miljømerka varer når eg er i butikken, seier Alf Ring Kleiven.
Framleis kan du også ta del i tevlinga og freiste lukka. Svanens klimatevling held fram til 18. desember. Nye premiar vert trekke kvar dag.
