Folkefjernsynet er svanemerka

led6500_55_r45-gallery_1.jpg

TV2 Hjelper deg har testa fjernsyn, og Samsung vant testen med eit svanemerka apparat.

Av Miljømerking 01.11.2011

TV2 testa det dei kallar "folkefjernsyn": Flatskjermar som kostar mindre enn 10 000 kroner. Samsung hadde best bildekvalitet både i vanleg kvalitet og i HD; Veldig gode fargar, bra svartnivå og skarpe, fine bilete. Skjermen taklar både 3D og bevegelse svært godt. Det er ein fordel dersom du til dømes skal sjå sport på den 46 tommar store skjermen. Designet til Samsung-fjernsynet får også toppscore av TV2. Denne modellen er ein smart-TV. Det tyder at du kan surfe på nettet, vise bilete og bruke TV-skjermen meir interaktivt enn på vanlege fjernsyn.

Svanemerka fjernsyn brukar mindre energi enn andre, og dei inneheld mykje mindre av skadelege stoff som flammehemmarar og tungmetall. I Noreg er det berre Samsung som har svanemerka fjernsyn. Til gjengjeld har dei 26 modellar å velge mellom.

Les heile testen hos TV2 Hjelper deg.

Les meir om testvinnaren hos Samsung.

Del |