Fyrste daglegvarebutikk i Bergen med Svanen
Med svanemerkinga av Coop Extra på Danmarksplass, har også Bergen fått sin fyrste svanemerka daglegvarebutikk.
Butikken er den 14. Coop Extra-filialen som vert svanemerka. Coop Extra har som mål å svanemerke alle daglegvarebutikkane i kjeda.
− Coop Extra gir framifrå informasjon om korleis dei miljøtilpassar drifta av butikken. Dei fortel utførleg om svanmerkinga av butikken og om utbodet av svanemerka varer. Ikkje minst er dei gode til å gje kundane høve til å legge avfall i mange fraksjoner, seier direktør Alvhild Hedstein i Miljømerking.
Miljømerking av ein daglegvarebutikk omfattar miljøtilpassing av heile drifta av butikken. Den svanemerka butikken har stadfeste at den belastar miljøet minst mogeleg i den daglege drifta og at den bruker lite energi. Butikken har og eit bredt utval av svanemerka og økologiske varar.
Coop har sidan tidleg på 90-tallet arbeidd målretta med miljø, og er i dag den dagligvareaktøren som har flest svanemerka butikkar alt i alt. Coop driv no fem dagligvarekjeder, deriblant Coop Extra, som er den nyaste.
