Mange svanemerka trykkeri

Eit Svanemerka trykkeri må oppfylle strenge miljøkrav. 89 trykkeri har til no klart denne godkjenninga. Mange svanemerka trykkeri gjer mange svanemerka trykksaker.
Trykkeri er eit stort og viktig område for det nordiske miljømerket, Svanemerket. Med krav til alt frå papir til trykk-kjemikalier og avfallshandsaming fører Svanen til at miljøbelastningen frå trykkeria blir så låg som mogleg.
- For å få Svanemerket må trykkeria gå gjennom heile drifta og sette inn naudsynte miljøtiltak, sier direktør i Miljømerking, Alvhild Hedstein. - Og det nytter ikkje å kvile på laubæra, for om nokre år strammer vi inn krava.
Store og små
Blant trykkeria som er blitt godkjent med Svanemerket, finn vi slike som Noregs største trykkeri, Schibsted. Men også små hustrykkeri kan bli svanemerka, slik som hustrykkeria til Storebrand og Stortinget. Krava er tilpasset trykkmetoden, slik at dei femnar alt frå små digitaltrykkmaskiner til store rotasjonspresser.
Svanemerka trykksaker
Eit svanemerka trykkeri har løyve til å lage svanemerka trykksaker. Dermed kan ein finne Svanemerket på brosjyrer, aviser, ukeblad, katalogar med meire.
Sjå alle dei svanmerka trykkeria her.

