Miljømerking bra for vatnet i Europa

Ei ny utgreiing frå Det europeiske miljøbyrå (EEA) stadfester at forbruket av vatn i mange deler av Europa ikkje er bærekraftig. Miljømerking vert peika på som eit av tiltaka for å betre folks medvete.
− Vi er heilt på linje med EEA i denne saka. Både Blomsten og Svanen legg vekt på minst mogleg forbruk av vatn på til dømes hotell, seier direktør Alvhild Hedstein i Miljømerking.
I EEA-utgreiinga "Water resources across Europe - confronting water scarcity and droughten" heiter det at Sør-Europa fortset å oppleve størst problem med mangel på vatn, medan vassmangelen aukar også i Nord-Europa. I tillegg kjem klimaendringane til å føre til alvorlege periodar med tørke. Dette vil auke vassmangelen, særleg om sommaren.
EEA skriv at tiltak som tek sikte på å gjere folk meir medvetne, som til dømes miljømerking og læringsprogram i skulen er avgjerande for å få til eit bærekraftig forbruk av vatn.
Det europeiske miljøbyrået (EEA) er eit av Den europeiske unions såkalla byrå. Oppgåva deira er å levere etterretteleg, uavhengig informasjon om miljøet. Miljøbyrået er ein viktig kjelde til informasjon for alle som er med på å utforme, vedta, sette i verk og evaluere miljøpolitikk, samt for allmennheita. Nett no har EEA 32 medlemsland, deriblant Noreg.
I rapporten heiter det mellom anna:
"Achieving more sustainable use of public water supplies will depend strongly upon raising public awareness of water conservation issues. Various means are available to inform domestic, business and tourist water consumers. They include websites, school education programmes, local authority leaflets and the mass media. Eco‑labelling of appliances and eco-certification of, for example,
tourist hotels can also play an important role in raising awareness, helping consumers to make informed choices about water efficiency and conservation."
