Miljøseminaret "Fyr og flamme"
Ovnsprodusentane og byggvarehusa var fredag samla til miljøseminar hos Miljømerking.
Tema for seminaret var dei nye, reviderte krava til vedovnar og peisar. Revisjonen av miljøkrava gjer no at alle produsentane må søke om Svanemerket på nytt. Det var stor interesse for seminaret, som raskt blei fullteikna.
- Det er viktig for oss å ha god kontakt med alle bransjeaktørane, seier Alvhild Hedstein, direktør i Miljømerking. På eit seminar som dette får vi både høve til å fortelje om dei nye krava vi stiller, og ikkje minst til å få verdifulle innspel frå bransjen.
Dei nye krava set høgare krav til virkningsgrad og til mindre partikkelutslepp. For å bli svanesertifsert må ovnen være dekka av ein femårig garanti. Overflatebehandlinga må tilfredsstille dei nye helse- og miljøkrava, og arbeidsmiljøet hos produsentane må være godt ivaretatt.
