Offentlege innkjøparar kan krevje Svanen
Oppdatert 18.06.10: Direktoratet for IKT og forvaltning (Difi) har gjeve ut ei ny rettleiing kalla "Tilrådde miljøkjenneteikn for trykksaker og trykkeritenester". Rettleiinga seier at om di verksemd har som mål å stå fram som miljøtilpassa, har du rett til å krevje at trykksaka du hentar anbod på skal være miljømerka med Svanen eller tilsvarande merkeordninger. Dette vil i røynda innebære at ein verksemd kan krevje ei svanemerka trykksak.
− Dette er ei stor siger for dei miljøtilpassa trykkeria og for offentlege innkjøparar med høge miljømål. Endeleg kan ein beint ut krevje Svanen framfor å gå vegen om innvikla krav til kvalifikasjonar og dokumentasjon, avdi det berre er Svanemerket som har utvikla miljømerkingskrav for trykksaker. Med den nye rettleiinga vert heile prosessen knytte til innkjøp av trykksaker forenkla. På sikt gjev dette gode verknader for miljøet, seier direktør Alvhild Hedstein i Miljømerking.
Ho seier at ho ikkje har vore aleine om å undre seg over kvifor det offentlege har tilrådd at innkjøparar skal krevje kaffi frå Fairtrade, men at dei ikkje kan krevje trykksaker med Svanen. Med den nye rettleiinga er saka løyst.
I rettleiinga heiter det: "Om oppdragsgjevar har ei klar politikk om å framstå som miljøvennleg, kan det vere både lovleg og samsvarande å krevje at sjølve trykksaka er miljømerka."
Meir frå Difi si rettleiing:
"For mange virksomheter er en trykksak ofte en viktig del av deres vindu utad. Den er synlig, kan inneholde informasjon sterkt knyttet til virksomheten, og er ofte et "symbol" på virksomheten. Den skal, i ytterste konsekvens, gjenspeile virksomhetens verdier. Mange ønsker derfor å bruke en trykksak som en del av sin profilbygging ved å formidle verdier og sitt miljøengasjement gjennom utseende, fargebruk, valg av papirtype og evt miljømerking av trykksaken.
Det er i utgangspunktet ikke lovlig å kreve at de produkter man anskaffer er miljømerket, det er de underliggende kravene i en miljømerkeordning som kan kreves oppfylt. Dersom oppdragsgiver imidlertid har en klart formulert politikk om å fremstå som en miljøvennlig virksomhet, ved at de for eksempel er miljøsertifisert, kan det være både lovlig og proposjonalt å kreve at selve trykksaken er miljømerket. Eksempel: En virksomhet ønsker å synliggjøre eget miljøarbeid. Det skal lages en trykksak som både forteller hva man har gjort og i seg selv kan symbolisere virksomhetens strategiske miljøvalg. Det vil være viktig både for synliggjøring av miljøarbeidet og som signaleffekt at trykksaken er miljømerket"
Kontaktperson:
• Marknadsansvarleg Tormod Lien, t. 24144613, tl(@)ecolabel.no
