Regjeringa med miljøgiftsutval
Regjeringa har i dag oppretta eit miljøgiftsutval som skal gje innspel til norske styresmakter om konkrete tiltak som kan settas i verk for at utslepp av miljøgifter vert stansa innan 2020.
- Utslepp av miljøgifter er blant dei største miljøutfordringane vi står ovanfor. Utvalets arbeid vil vere svært viktig for å medverke til at vi får stansa bruk og utslepp av miljøgifter, og for at vi når våre ambisiøse målsettingar på området, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.
Direktør Alvhild Hedstein i Stiftelsen Miljømerking er ei av deltakarane i utvalet.
- Miljøgifter er knytt til produksjon av varer og korleis produkta vert handsama. Desse problema har Miljømerking arbeidd med i årevis. Eg er overtydd om at Miljømerking sine erfaringar vil bli nyttige for å finne fram til nye og betre løysingar for å få slutt på utslepp av miljøgifter, seier Alvhild Hedstein.
