Regjeringa: Meir svanemerking i byggjesektoren

Regjeringa la i førre veke fram den nye miljøhandlingsplanen for bustad- og byggjesektoren. Blant måla er at fire departement skal arbeide på kvart sitt vis for å auke bruken av miljømerka byggevarer.
Planen samanfattar alle miljøtiltaka statlege instansar planlegg i bustad- og byggjesektoren i dei komande fire åra (2009-2012).
- Miljøhandlingsplanen tydeleggjer korleis bustad- og byggjesektoren kan bidra for å nå dei ambisiøse måla i klimaforliket og for at landet kan utviklast i berekraftig retning, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Reduserte utslepp av klimagassar, lågare energibruk i bygg, betre inneklima og færre helse- og miljøskadelege stoff i bygg er nokre av måla i regjeringas nye miljøhandlingsplan for bustad- og byggjesektoren.
Slik lyder nokre av måla:
• Bruken av helse- og miljøfarlege produkt og stoff i byggjeverksemda skal reduserast. Fleire bygg, byggjevarer og produkt skal vere miljømerka. Ansvarleg departement: Miljøverndepartementet
• Det skal gjeras samarbeids- og intensjonsavtalar med aktørar som er viktige for å auke talet miljømerka bustader. Ansvarleg departement: Kommunal- og regionaldepartementet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet
• Forbrukaranes moglegheit til å velje miljøvennlege byggjevarer, produkt og stoff med ei etisk og berekraftig historie skal stimulerast. Dette kan til dømes innebere satsing på miljømerking som Svanen og Blomsten, og gjennom Boligportalen. Ansvarleg departement: Barne- og likestillingsdepartementet

