Små og store lærte om Svanen

web-shoppet-foto-brd-2009.jpg
Svanen hadde ein jamn straum av gjestar på Bygg Reis Deg-messa. Dei fekk på ulike vis høyre og lære om Svanen.
Av Miljømerking 29.09.2009

Miljømerking tok del i Bygg Reis Deg-messa i førre veke med informasjonstorg, datamaskiner med tevlingar og ikkje minst aktivitetar for barn. Svanen var på messa takk vere pengar frå Miljøverndepartementet.

− Vi er svært nøgde med å ha vore synlege på messa. Ikkje berre småbarnsfamiliar, men også produsentar som ønska informasjon om korleis deira produkt kan få Svanen kom innom, seier marknadskonsulent Christine Opland i Miljømerking.

Miljømerking har ikkje tidlegare hatt ei så stor framsyning som denne gongen på messa. Eigne teiknebord med svanemerka teiknesaker og vipper for barna, trakk ei jamn bølgje av gjestar.

Gjestane kunne freiste lukka i Svanen si merkjetevling på tre datamaskinar eller sette seg inn i kor du finn svanemerka produkt innan byggjevarer. Flest kom på vitjing i helga.

Del |