Statlege innkjøparar ikkje gode nok på miljø

Betydeleg innsats må til for å nå miljømåla regjeringa har satt for statlege innkjøp, syner ei ny utgreiing frå miljørådgjevingsverksemda Bergfald & Co.

Av Miljømerking 01.03.2010

I utgreiinga går det fram at i 2008, og fram til oktober 2009, stilte staten miljøkrav i omlag 70 prosent av innkjøpa, og tendensen i løpet av 2009 var svakt aukande. Kommunane låg på litt over 70 prosent i byrjinga av 2008, men her går tendensen svakt nedover.

Når miljøkrav blei fremma, blei krava til Svanen, Blomsten eller Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) berre brukt i under halvparten av tilfella. Desse står vanlegvis for dei same underliggjande krava, og gjev dermed sameinte signaler til marknaden, skriv Bergfald & Co.

Hovudslutninga i rapporten frå utgreiingsverksemda, er at handlingsplanen til regjeringa vert fylgt opp på mange av dei prioriterte områda i statlege verksemder. Likevel har regjeringa ikkje lukkast godt nok med sine målsetjingar om vektlegginga av miljø i statlege innkjøp. Betydeleg innsats må til på feltet for å nå regjeringa si målsetting, skriv Bergfald & Co.

I rapporten heiter det at staten kan verte betre til å leggje vekt på miljø i innkjøp både av bilar, IKT-utstyr, medisinsk materiell, trykksakar og papir, kontorutstyr og kontormøblar. Når det gjeld hotell, tydar mykje på at arbeidet med å stille krav til miljø har dabba av, heiter det i rapporten.

No som Svanen er så utbreidd, er det ikkje noka sak for offentlege innkjøparar å ta omsyn til miljøet.

Del |