Svanemerka millionauke

Den svanemerka butikken Coop Extra i Førde tredobla resultatet frå 2008 til 2009, skriv Handelsbladet FK.
Av Miljømerking 15.03.2010
− Gode tal i svanemerka daglegvarebutikkar, gjev utbyte både til eigarane og miljøet, seier direktør Alvhild Hedstein i Miljømerking.
Coop Extra-butikken i Førde auka mest av alle Coop-butikkane. Den er ein av dei 17 svanemerka Extrabutikkane i Norge. Coop har satt seg som mål å få svanemerka alle Extrabutikkane i Noreg.
Ei svanemerka daglegvarebutikk er lite til skade for miljøet i det daglege, bruker lite energi og har eit bredt utval av miljømerka og økologiske produkt.
No som Svanen er så utbreidd, er det ikkje noka sak å ta omsyn til miljøet.
