Svanemerka butikk på Rykkinn

extra.jpg

Coop Extra på Rykkinn har no blitt svanemerka. Dermed kan bærumskundane velge blant eit breitt utval av svanemerka og økologiske varer i ein butikk som belastar miljøet i minst mogeleg grad.

Av Alvhild Hedstein 26.08.2010

- Vi i Miljømerking vil gjere det enkelt å ta gode miljøval for forbrukarane, seier Alvhild Hedstein i Miljømerking. - Derfor er vi glade for at det kjem ein ny dagligvarebutikk som legg til rette for grøne val.

- Coop Extra jobbar grundig og seriøst med miljø, og det kan folk i Bærum no nyte godt av. Her har vi ein butikk som har miljøtilpassa drifta si, og som ftil dømes har miljøstasjonar der kundane kan kvitte seg med avfall. Det er praktisk i ein travel kvardag, seier Hedstein.

Svanemerka dagligvarebutikkar har gjennomgått hele drifta si med tanke på å belaste miljøet minst mogeleg. Dette inneber ftil dømes at den ikkje skal bruke mykje energi, og at butikken sjølv skal kildesortere avfallet. Coop Extra på Rykkinn har eit spesielt klimavennleg kjøleanlegg der kjølediskane held godt på kulda samstundes som dei brukar lite energi. I tillegg fører butikken eit breitt utval av svanemerka og økologiske varer.

Coop har jobba målretta med miljø sidan tidleg på 90-talet. Dei er i dag den dagligvareaktøren som har flest svanemerka butikkar. Coop Extra har som mål å svanemerke alle dagligvarebutikkane i kjeden.

Del |