Svanen er meir enn ISO

2_205_0.jpg

Aftenposten skriv i dag om korleis eigar Petter Stordalen tek sikte på å få dei 160 Choice-hotella i Skandinavia ISO 14001-godkjende i løpet av 2009. Aftenposten jamstiller ISO-sertifiseringa med Svanen. − Miljøstyring med ISO er vel og bra, men for at eit hotell skal oppnå Svanen, må hotella strekkje seg lengre, seier direktør Alvhild Hedstein i Miljømerking.

Av Miljømerking 28.01.2009

ISO 14001 er ein internasjonal standard for miljøstyring og dreier seg i hovudsak om å holde orden i eiga hus og å ha oversikt over verksemdas verknad på miljøet. Ein ISO 14001-sertifisert bedrift har satt seg mål om konkrete forbetringar og har i samarbeid med eit sertifiseringsorgan forplikta seg til å nå måla.

− For å få Svanen og Blomsten, er det ikkje tilstrekkeleg at verksemda hold orden og har dokumentasjon. Varene og tenestene må i tillegg oppfylle ei rekkje strenge og målbare krav, seier Hedstein.

Dei offisielle miljømerka Svanen og Blomsten er dei einaste miljøgodkjenningane som bare kan oppfylles av dei beste produkta og tenestene på marknaden.

Ordningar som ISO 14001, EMAS, Miljøfyrtårn eller miljødeklarasjonar kan likevel sørgje for at verksemda allereie har dokumentasjon som gjer det enklare å oppnå Svanen og Blomsten.

Hedstein legg spesiell vekt på at Svanen berre gis til aktørane som er bland dei miljøbeste innan sin kategori.

Del |
6_2701_0.jpg
Rica Seilet Hotel blei svanemerka i desember. Hotellkjeden tek sikte på å merke alle dei 50 hotella i kjeden i løpet av 2010.