Dropp vegsalting, få grønare grøftekantar

vinterbil.jpg

Bruken av vegsalt på norske vegar har auka med nesten 20 prosent dei siste fire åra. Dette gir både planter, dyr og menneske som ferdast i vegkanten store problem.

Av Miljømerking 23.05.2011

Vinteren 2009/2010 bruka vi om lag 201 000 tonn vegsalt på norske riks- og fylkesvegar. Saltet gjer det enklare å kjøre på vinterglatte vegar, men skadar plantane i vegkanten og dyra som ferdast i vegkanten. I tillegg forureinar saltet bekkar og innsjøar som mottek avrent sølevatn metta av salt. Korleis vegsaltet påverkar miljøet kan ein sjå når ein kjører langs vegar som burde ha vårgrønne grøftekantar, men som no har brunsvidd og dødt buskas å by på.

­- Statens vegvesen har tidligare sagt at det ikkje finst nok o fullgodt alternativ til vegsalting, men det gjer det, seier direktør i Miljømerking, Alvhild Hedstein.

Produktet heiter Ice & Dust-Away, og er svanemerka. Dette er eit giftfritt og nedbrytbart stoff som verken skadar plantelivet, forureinar drikkevatn eller tørkar ut potane til hundar og katter i området. Ice & Dust-Away kan både brukast til å fjerne is og snø, og til å førebygge glatt føre.

- Vegsalt er miljøødeleggande. At bruken i tillegg er aukande, er svært beklageleg - i sær når dei miljøtilpassa alternativa allereie finst, fortsett Hedstein.

Del |
Fakta

  • Svanemerket stiller strenge krav til isbekjempingsmiddel, mellom anna i forhold til kjemiske virkestoff, innhald av tungmetall, nitrogen og fosfor etc, korleis stoffet blir brote ned, og kva slags effektar det har på liv og materialar rundt seg.
  • Svanemerket stiller også krav til effektivitet, og produsenten må leggje fram laboratoriumstest og brukstest som viser at isbekjempingsmiddelet fungerar effektivt.
  • Ice & Dust-Away møter alle Svanemerkets krav.