Vil ha meir miljø i butikkane

retail.jpg

Kundar verda over ønskjer å gjere sitt for at varer og tenester vert tilpassa helse og miljø. Dei vil at leverandørane skal ta ansvar og gje lyd om kor stor grad produkta skader miljøet. Dette går fram av ei ny gransking frå AC Nielsen.

Av Miljømerking 21.08.2009

The Nielsen Global Online Survey slår fast at kundane gjer sitt beste for ei berekraftig utvikling på mange slags vis. Annankvar kunde ser etter produkt som er energieffektiv. Kvar tredje kunde ser etter produkt som har liten eller inga innpakning.

Analysebyrået meiner at det grunnlag for å påstå at kundane vil at detaljistane skal stå fram med sine avklaringar om i kor stor grad produkta deira er tilpassa ei berekraftig utvikling. Dei viser i denne samanheng til Walmart Stores døme. Den amerikanske matvarekjeda kunngjorde i juli i år at dei satsar på miljømerking.

Matvarekjedas program krev at kvar einaste leverandør må syne berekningar av den fulle miljømessige belastning av deira produkt. På grunnlag av desse opplysningane, vil Walmart gje produkta ei grøn rangering. AC Nielsen skriv at systemet enno ikkje er innførd, og kan ta så lenge som fem år å få på plass, men at det er ein milepel for "the sustainability movement".

I Noreg slepp forbrukarane å vente på miljømerking. Miljømerket Svanen finns no på ei rekkje daglegvarer og er den enklaste måten å ta miljøomsyn på.


Del |
august_2009.par.99388.image.gif