Tryggare leikeområde for barn

Miljøvernminister Helen Bjørnøy vil ha trygge barnehagar og leikeplassar utan miljøgifter. Når Miljøverndepartementet nå skal rydde opp i norske barnehagar, kan miljømerka haldbart trevirke gi betre utemiljø.
- Miljømerka alternativ
- Vi må syte for at barn får vekse opp utan å få i seg miljøgifter ifrå leikeområda sine. Vi ynskjer å gjøre ein spesiell innsats for å beskytte dei yngste, seier miljøvernminister Helen Bjørnøy i ei pressemelding.
Miljøvernministeren legg fram ein handlingsplan for opprydding av barn sine utemiljø. Planen legg opp til kartlegging og opprydding i leikeområde for barn i dei ti største byane her i landet og i fem store industriområde. 2000 barnehagar skal ryddast reine - sjøl om miljøvernministeren legg vekt på at det ikkje er akutt helsefarleg miljø i barnehagar i dag.
Føre var
Forebyggande arbeid er viktig når ein legg planar for leikemiljø.- Å velje miljømerka trevirke er forebyggande arbeid i barnehagar og på leikeplassar, seier direktør Alvhild Hedstein i Miljømerking.
- Svanemerka haldbart trevirke finst i dag i handelen. Slikt trevirke har fått miljøtilpassa behandling med sukkerrør og mais - og resultatet er bestandig trevirke utan miljøskadelege stoff. Dersom 2000 norske barnehagar skal få tryggare leikemiljø, må myndigheitene syte for at dei ansvarlege får vite om at det finst miljøtilpassa alternativ til leikeapparat, sandkasser og andre element laga av tre på uteplassen, seier Hedstein.
Miljømerka haldbart trevirke:
- er ikkje tilsett tungmetall eller biocid
- gir ikkje problemavfall
- er laga av bærekraftig tre
- har god haldbarheit
Regjeringa si ukartlegging av leikeplassar skal
være gjennomført innan utgangen av 2008 og nødvendige tiltak skal gjennomførast innan sommaren 2010. Deretter vil regjeringa lage ein plan for dei resterande barnehagane i Noreg. Arbeidet vil koste omlag 200 millionar kroner. Fleire kommuner har alt på eige initiativ sett i gang arbeid med å kartlegge og rydde opp i forurensa jord i barnehagar.Les meir:
- Miljøverndepartementet:
Rydder opp forurensing i barnehager og lekeplasser - Miljømerking:
Miljøvennlig alternativ til giftige barnehager - Miljømerking:
Miljøkrav til svanemerka haldbart trevirke - Miljømerking:
Les meir om svanemerka VisorWood ifrå Kebony Products
Holdbart trevirke

Kebony Furu er svanemerket holdbart trevirke. Like holdbart som vanlig trykkimpregnert virke, men helt uten giftstoffer. Fint hvis du skal bygge terrasse, trapper, utemøbler eller sandkasse.
