Historisk klimagrense

Du kan gjere mykje

Historisk klimagrense
Klimaproblemet er stort og aukande. Lurar du på kva du kan gjere med det? Her er nokre tips:
Tekst

I mai gikk vi over ei historisk grense: Det er no meir CO2 i atmosfæren enn på 3-4 millionar år. På denne tida var det 3-4 grader varmare enn no. Det høyrast kanskje ikkje så mykje ut, men det var ei heilt anna verd. Arktis var isfritt. Svære kamelar levde høgt oppe i nord-Canada. Havnivået var opptil førti meter høgare enn i dag.

Det er lett å kjenne seg makteslaus i møte med klimaendringane. Men det er mykje vi kan gjere. Her er fire råd:

 

Bruk mindre energi

Vi må bruke mykje mindre fossil energi som olje, kull og gass. Men den einaste miljøvenlege energien som finst, er den vi ikkje brukar. Vi kan kutte ned på eget energiforbruk heime og på jobb. Slå av lyset og redusere varmen når ingen er i lokala. Også når du skal kjøpe noko kan du gjere energismarte valg. For eksempel har svanemerka ting dokumentert at dei brukar mindre energi i produksjonen og under bruk enn liknande produkt. Dette gjeld alt frå dopapir til datamaskiner, hotell og dagligvarebutikkar.

 

Slutt med bruk-og-kast  

Vi kan også vurdere det generelle forbruket vårt. Mange av oss har ein bruk-og-kast-praksis – kanskje utan at vi eigentleg har tenkt over det. Kor mange olabukser treng eg? Kor mange syklar eller datamaskiner? Kvar gong eit nytt produkt blir laga, hentar vi nye ressursar frå naturen og brukar energi for å lage og transportere produktet. Dersom vi kan forbruke litt mindre, og heller kjøpe produkt av god kvalitet som varer lenge, gjer vi noko bra for miljøet.

 

Vær litt treskalle

Avskoging bygger opp under klimaproblemet. Når vi kjøper møblar, skuffar og skap, golv, byggematerialer, skrive- eller dopapir kan vi velge produkt som er laga av tre frå bærekraftig skog. Dermed bidrar vi ikkje til enda meir avskoging og ubalanse. Svanemerka varer er sånn.

 

Stem!

Du og eg kan gjere mykje i vår eigen kvardag for å stagge den negative klimautviklinga. Men sjølvsagt er det mykje politikarane våre må gjere – både her i Noreg og i internasjonal samanheng. Still klimakrav til politikarane, og gi stemma di til dei beste!

Kommenter saken
kommentarer