Hvordan blir endringene her i Norge?

Norske endringer
Hvordan blir klimaendringene her vi bor?
Tekst

I 2010 kom det en offentlig utredning (NOU 2010: 10) med tittelen «Tilpassing til eit klima i endring». Der skildrer de hvordan det ser ut til at klimaendringene vil prege de ulike delene av landet vårt. De skriver:

"Klimaendringane angår kvar enkelt av oss, og samfunnet i si fulle breidd. Klimaendringane trugar mange verdiar som vi set høgt som samfunn, og enkelte verdiar vil òg gå tapt. Auka skred- og flaumfare trugar lokalsamfunn og enkeltpersonar, og auka fukt og nedbør kan øydeleggje store materielle og kulturelle verdiar. Naturmiljøet vil endrast med stigande temperaturar. Nokre arter og økosystem vil ikkje kunne tilpasse seg i takt med klimaendringane og dermed gå tapt. (…)

Klimaframskrivingane syner at klimaet i Noreg kan ventast å endre seg i betydeleg grad i dette hundreåret. Årleg middeltemperatur for Noreg er berekna å stige mellom 2,3 og 4,6 grader, med størst auke om vinteren og minst om sommaren. Det er store regionale skilnader: Temperaturen vil auke mest i Nord-Noreg og minst på Vestlandet. Utrekningar viser at årsnedbøren i Noreg kan ventast å auke mellom 5 og 30 prosent fram mot 2100, men det er stor variasjon mellom årstider og regionar. Det er òg venta fleire dagar med store nedbørsmengder. Havtemperaturen er berekna å auke langs heile norskekysten og i Nordsjøen. Det er venta at forsuringa av havet vil auke, slik at pH-verdien kan bli redusert med 0,5 einingar. Fram mot 2100 kan havnivået langs norskekysten stige mellom 50–100 cm langs kysten av Sør- og Vestlandet, 40–90 cm i Nord-Noreg og 20–70 cm inst i Oslo- og Trondheimsfjorden. Høgda for stormflod vil auke tilsvarande. (…)

Noreg er sårbart overfor klimaendringar på fleire område. Sårbarheita avheng både av endringane i seg sjølve og av korleis naturen og samfunnet er rusta til å møte endringane. Eit varmare klima aukar presset på naturmiljøet i dei arktiske og kaldtempererte naturmiljøa, som vi særleg finn i nordområda og i høgfjellet. Desse områda er kjenneteikna av marginale naturforhold, og det er her oppvarminga er venta å bli sterkast. Arter og økosystem vil bli meir utsette, og tilpassingstiltak vil ikkje alltid kunne hindre at viktige naturverdiar går tapt."

Kommenter saken
kommentarer