Tilrår kompost for matavfall

6_205_0.jpg

Norsk matavfall fra hushalda blir hovudsakleg brent. Denne ressursen kunne vore nytta betre, seier Grønn Hverdag.

Av Miljømerking 14.09.2007

Norske husald kastar meir matavfall enn noensinne tidlegare. Forbrukarnettverket Grønn Hverdag seier dette til dømes kan forklarast med at vi tener bra og at det er kort veg mellom butikkane - som dessutan har lange opningstider. Dette gjør at vi handlar mat på impuls - og handlar for mye. Grønn Hverdag peiker òg på at folk veit for lite om korleis ein utnyttar matvarene og kor lenge mat faktisk er haldbar.

Utsortering
Dei fleste kommunar sender matavfall til forbrenning, men Grønn Hverdag peiker på at søppelet i staden skulle vært sortert ut før det kjem så langt som til forbrenninga. Løsninga er ifølge forbrukeranettverket hjemmekompostering av matavfallet. Da kan søpla omdannast til kompostjord som kan bli eit nyttig kosttilskot for planter, trær og blomer i hagen, blomsterbedet eller verandakassa.
"Matavfall er ikkje berre søppel, men ein verdifull ressurs", skriv miljørådgjevar Anne Skauen i Grønn Hverdag i ein kommentarartikkel i Rogalands Avis.

Kommunale tilbod
Det er ikkje usannsynleg at norske hushald etter kvart må sortere ut matavfallet fra søpla. Anne Skauen i Grønn Hverdag seier at fleire burde nytte tilbodet om såkalla varmkompost. Mange kommunar gir avslag i renovasjonsgebyret og tilbod om å kjøpe kompostbinge. Fredrikstad blir trekt fram som flinkast i landet. I denne kommunen får hushalda 35 prosent reduksjon i renovasjonsgebyret og subsidiert svanemerka kompostbinge i tillegg til gratis strøbark og gratis lån av kompostkvern.

100 kilo matavfall kan bli 20 til 40 kilo kompostjord til hagen - og Grønn Hverdag peiker på at rett kompostering er fri for både lukt og rotter.

Les meir:

Del |