Høyring – Bygningsplater

Bygningsplater
Miljømerking vil gjerne ha innspel på dei nye miljøkrava vi foreslår å stille til bygningsplater. Høyringsfristen er 15. oktober.
Tekst

I samband med høyringa arrangerer vi eit nordisk bransjeseminar om dei foreslåtte krava tirsdag 2. september kl 9.30-14.00 i Stockholm. Les meir om program og påmelding her

Miljøkrava gjeld bygningsplater av typen:

  • Trebaserte plater med eller utan laminat overflate
  • Massivt tre (overflatebehandla) som blir sett saman til ei innandørsplate
  • Plater basert på andre fornybare råvarer enn tre
  • Høgtrykkslaminat plater (HPL)
  • Gipsplater
  • Mineralplater (der hovudfunksjonen ikkje er termisk isolering)
  • Sementbaserte plater i form av fibersement-, sement- og magnesiumoksidplater

Dette er det særleg viktig for oss å få innspel på:

  • Utvidinga av produktgruppa med fasadeplater, høgtrykkslaminat og sementbaserte plater
  • Nye krav til resirkulerte råvarer (krav O10-O12)
  • Nye energikrav (krav O13-O18)
  • Skjerpa kjemikaliekrav, eksempelvis forbod mot isocyanat med kjedelengde <10 (krav O21)
  • Skjerpa krav til VAH (flyktige aromatiske forbindelsar) i lim til maks 0,1 prosent (krav O26)
  • Oppdaterte krav til miljøskadelege stoff i plata (krav O24) og i overflatebehandlinga (krav O25)
  • Skjerping av formaldehyd emisjon frå MDF (medium density board) for test etter EN 717-1 (krav O32) samt uendra krav til formaldehyd i lim (krav O28)
  • Nye emisjonskrav til ferdig plate (krav O33)
  • Kvalitetskrav (krav O34)

Vi vil gjerne ha kommentarar til dei nye miljøkrava. Kontaktperson i Noreg er Kristian Kruse. Vi ber dykk sende oss innspela innan 15. oktober 2014 via svarskjema på heimesida vår, eller på epost til kk[at]svanemerket.no.

Forslaga til nye miljøkrav for bygningsplater er utarbeida av sekretariata i Nordisk Miljømerking under leiing av Heidi Belinda Bugge. Ta kontakt med det norske sekretariatet om de ønskar å få dokumenta tilsendt.

Last ned dokumenta

Høringsbrev  
Kriterieforslag
Bakgrunnsdokument
Høringsliste/List of recipients

 

Svarskjema - fyll ut på skjermen

Kommenter saken
kommentarer