Høyring - kaffetenester

bilde av kaffekopp
Miljømerking har utarbeida forslag til krav for miljømerking av kaffetenester. Høyringsfrist er 29. juni 2015.
Tekst

Forslaget til miljøkrav er utarbeida av sekretariata i Nordisk Miljømerking under leiing av Jimmy Yoler. Nokre miljøparametre som det no foreslås stilt krav til er fylgjande:

  • Kvalitet- og miljøleiingskrav i tenesten (O1 til O3)
  • Sertifiserte næringsmiddel og andre forbruksartiklar (O4 til O6)
  • Transportkrav (O7 til O8)
  • Krav til reingjeringsprodukt under bruk av kaffemaskina (O9 og O10)
  • Energieffektivitet av kaffemaskina (O11 og O12)
  • Krav til stoffa i kaffemaskinas komponenter i kontakt med næringsmiddel (O13)

Vi ber om synspunkt og kommentarar til forslaget som heilheit og spesifikt til fylgjande punkt:

  • Energikrav i O11: Forslag til krav for alle slag kaffemaskintyper i kaffetjenesten er ≤ 140 Wh/L (etter European Vending Associations Energy Measuring Protocol 3.0B) alternativt ≤ 1,0 kwh/døgn (etter DIN 18873-2: 2013). Er det eit mogleg nivå?
  • Vi ynskjer også synspunkt på om det foreslåtte energikravet for kjøleskapssystem på ≤ 70w/døgn  per liter kjøleskapskapasitet etter DIN 18873-2: 2013 er rimeleg?

Ekskluderte stoff i O13: Kva er dei vanligast forekommande plast-, gummi- eller metallkomponentar i ei kaffemaskin som er i kontakt med næringsmiddel? Er det foreslåtte kravet og dokumentasjonskravet mogleg å verifisere?

Vi vil gjerne ha kommentarar til forslaget. Kontaktperson i Noreg er Ola Rise, og vi ber dykk sende svar til oss ikkje seinare enn 29. juni 2015 på svarskjema, post eller epost til or[at]svanemerket.no.

Ei oversikt over høyringssvara som kommer inn, vil være tilgjengeleg hos Miljømerking.

Last ned

Kriteriedokument

Kriteriedokument engelsk

Bakgrunnsdokument

Bakgrunnsdokument engelsk

Høyringsliste

Høyringsbrev

 

Svarskjema - fyll ut på skjermen