Skrivereiskap

Skrivereiskap
Både barn og vaksne morar seg med å tegne, male og klistre på papir. Nå kan du gje innspel til kva krav Svanemerket skal stille til desse produkta. Høyringsfristen er 26. august.
Tekst

Tusjing, fargelegging, klistring og scrapbooking skal være artig og trygt for både små og store. Men tenker du over kva som er i den tusjen du held i hendene eller tilogmed stikk i munnen? I slike hobbyprodukt blir det nokre gongar bruka både løysingsmiddel og konserveringsmiddel som kan irritere eller være helseskadelege. Og i blekket til pennar og tusjar kan det være tungmetallar som bly, krom og arsen. Dette er stoff vi vil unngå. 

På denne bakgrunnen er det viktig for Svanemerket å bidra til hobbyprodukt som fremmar hobbyglede, men ikkje truar helse og miljø.

Høgare krav, større miljønytte

Kvart tredje -- femte år reviderar vi Svanemerket sine krav til dei enkelte produktgruppene. Vi vil ha krav som gir mest mogleg miljønytte og som er krevande, men moglege å nå for dei beste produsentane. No har turen komme til miljøkrava for skrivereiskap, maling, lim og tape for kontor og hobby.

Forslaga til miljøkrav er utarbeida av sekretariata i Nordisk Miljømerking under leiing av Heidi Belinda Bugge, Danmark. Ta kontakt med dersom de ønskar å få tilsendt papirkopi av dokumenta.

De viktigaste endringane som blir foreslått er at kriteria for skrivereiskap er utvida til også å inkludere maling, lim og tape til kontor og hobby, samt at det er stilt strengare krav til materialar og kjemikaliar. I tillegg er det innført kvalitetskrav.

Gi oss meininga di

Vi vil gjerne ha kommentarar til de nye miljøkrava. Kontaktperson i Noreg er Randi Barstad Rødseth, og vi ber dykk sende kommentarane til oss innan 26. august 2013 per post eller epost til

Ei oversikt over høyringssvara som kjem inn, vil være tilgjengeleg hos Miljømerking.

Her kan du fylle ut og sende inn høringsskjema direkte.
Generelt




Her kan du fylle ut og sende høyringskjema direkte
Generelt




Kommenter saken
kommentarer