Sunn moro for barna

Sunn moro for barna
Svanemerka leiker tryggar barnet frå å kome i kontakt med tungmetall, giftige plastforbindelsar og andre stoff som kan skade helsa og utviklinga deira.
Tekst

Dessverre har vi dei seinare åra sett at det finst ein del helseskadelege stoff i barneleiker. Blyhaldig maling og mjukplast med hormonforstyrrande effekt er berre to av mange eksempel.

Leiker som byggeklossar, dokker, bamsar, puslespel, bøtter og spader, elektriske bilar og togbanar kan bli svanemerka. Tenk på kor samansette desse leikene er: Dei er laga av tre, tekstil, metall, stopp, plast og gummi. Kvar einaste del har sin produksjonshistorie. Korleis er delane i leika behandla undervegs? Kva for kjemikaliar er tilsett? Korleis vil alle delane og alle kjemikaliane virke til saman når leika er ferdig? Kan leika på nokon måte true velværet når den vesle brukaren stikk heile bamseneven inn i munnen?

Dei reviderte miljøkrava gjer leikene enda tryggare for barna: Dei skal ikkje vere tilsett parfyme, nanopartiklar, farlige plastforbindelser eller andre stoff som kan gje helseskade. Fordi leikene er så samansette, og barna er så sårbare og viktige for oss, stiller vi mange og strenge krav til leiker. Heile 71 miljøkrav må leika tilfredsstille. Det skulle berre mangle.

Kommenter saken
kommentarer