Svanemerka møteromsstol

Svanemerka møteromsstol
Scandinavian Business Seating AS utvider no sortimentet av svanemerka stolar med møteromsstolen Håg Conventio
Tekst

Håg Conventio (modell 9520) er ein møteromsstol designa av Peter Opsvik. Den har vunne fleire designprisar. Det unike med stoler er at sete og rygg tillet rørsle slik at det ikkje vert slitsamt å sitje lenge på møter. Stolen har trekk i sete og rygg, og ein kan stable opptil femten stolar på kvarandre.

Frå tidlegare har Scandinavian Business Seating AS svanemerka Capisco-stolen (modell 8106 og 8107).